Ei oppleving for alle

Velkomen til Kyststien Sykkylven

Kyststien er eit konsept der ein mange stader i landet prøver å lage samanhengande ruter for å vandre langs sjøen. Ein prøver å lage løyper så nær kysten som mogleg. Sykkylven må i tillegg også spele på fjella sine. Ein kyststi kan også gå i høgda når ein ser fjorden frå stien.

Kyststien er først og fremst for innbyggjarane i Sykkylven, men vi vonar det også kan vere ein vegvisar og ein inspirasjon for turglade folk på besøk.

Kvar skal vi gå?

Har du ein god ide til ein tur? Gi oss eit vink. Eller kanskje kan du hjelpe oss med å spreie bodskapen om turtilboda i Sykkylven.

Kontakt oss på:

post@kyststiensykkylven.no